| Klekkeri | |
Leiar klekkerigruppa Geir Ove Riple, Voss Jeger- og Fiskarlag.
tlf. 95262088
KLEKKERIDRIFTA
Bakgrunn På grunn av nedgang i laksebestanden utover 80 åra, og frykt for negative konsekvensar av dei planlagde anleggsarbeida med ny stamveg og senking av Vangsvatnet, tok Voss Jeger- og Fiskarlag (VJF) initiativ til nytt klekkeri. I konsesjonsvilkåra til BKK er det teke med at kraftutbyggjar kan bli pålagt å byggja og driva klekkeri i vassdraget. Dette var bakgrunnen for at planlegging av klekkeri kom i gang. Finansieringa til klekkeriet kom på plass i 1989. Dei som bidrog med midlar var Direktoratet for naturforvaltning, Bolstadøyri Elvefond, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Landbrukets Utbyggingsfond, BKK og Voss kommune.
Voss Energiverk utførte det meste av grunnarbeidet på tomta. Tømrarlinja ved Voss yrkesskule stod for snikkararbeidet. I tillegg kom mykje dugnadsarbeid. Planlegging av vassbehandling og andre viktige tekniske installasjonar vart utført av konsulentfirma. Klekkeriet vart etter ein hektisk byggeperiode klart til fyrste stamfiske og rogninnlegg hausten 1989 (Voss Jeger- og Fiskarlag 1989).
Stiftelsen Voss klekkeri Stiftelsen Voss klekkeri vart skipa i mai 1990. Fylgjande lag og organisasjonar vart med i stiftelsen; Bolstadelva grunneigarlag, Bulken og Evanger elveeigarlag, Fadnes og Mestad elveeigarlag, VJF, Voss kommune og BKK. I 2001 vart stiftelsen utvida med Voss Grunneigarsamskipnad og Evanger Sportsfiskarlag.
Voss klekkeri har som føremål å arbeida til beste for laks-og sjøaurebestandane i Vossavassdraget. I tillegg skal dei arbeida for å fremja innlandsfiskeressursane.
Forvaltning og organisering Voss klekkeri har mange også andre funksjonar enn å produsere settefisk. Dei har vore med på arbeidet med Handlingsplan for forvaltning av innlandsfiskeressursane i Voss kommune, som sekretær eller som medlem i referansegruppa. I samarbeid med Voss kommune har klekkeriet hatt i oppgåve å følgja opp fleire av tiltaka i desse planane, til dømes utarbeiding av innlandsfiskebrosjyre og prøvefiske i innlandsvatn. Tilsette ved Voss klekkeri har vore kontaktpersonar i samband med gjennomføring av kalking og innsamling av vassprøvar. Voss klekkeri er med i fleire forvaltningsutval tilknytt Vossovassdraget; "F.O.U.-utvalet" og "Fagråd for anadrom laksefisk i Vossovassdraget". Sekretærfunksjonen for fagrådet er lagt til Voss klekkeri. Fagrådet er mellom anna høyringspart i saker som vedkjem laks og sjøaure i Vossovassdraget. I 2003 har Voss Grunneigarsamskipnad kjøpt sekretærfunksjon av Voss klekkeri.
Produksjon av settefisk Det viktigaste arbeidet ved Voss klekkeri har heile tida vore å produsere god settefisk av laks. Undersøkingar av ungfisk i hovudvassdraget og i Teigdalsvassdraget syner gode resultat av utsetjingane av 1-somrig settefisk. Dei fire siste åra er det produsert 1-årig laksesmolt. Fleire prøvefiska innsjøar syner også godt tilslag på utsett brunaure produsert på Voss klekkeri.
Konsesjon Konsesjon til drift av klekkeriet er gjeven av fylkesmannen og fylkesveterinæren. Stiftelsen Voss klekkeri har løyve til drift av klekkeri, settefiskproduksjon og oppbevaring av stamfisk i Voss kommune (Vossovassdraget). Ramma for dette løyvet er som følgjer: Det vert gjeve løyve til å halda stamfisk av laks, sjøaure og brunaure for produksjon av inntil 70 liter befrukta rogn per år, samt inntil 400 000 stk ufóra / 350 000 fóra yngel samt 200 000 stk 1-somrige / 30 000 stk 1-årige, samt 30 000 smolt per år. Løyvet gjeld berre for kultiveringsformål (brev frå fylkesmannen i Hordaland av 02.05.2000).
Stamfiske og Levande genbank Voss klekkeri har levert stamfiskmateriale til Levande genbank i Eidfjord i perioden 1991 til 1998 og i 2001, i alt 78 familiar. Det er og frose inn mjølke frå 77 laksar (oppbevart i sædbank). I dag er nesten all produksjon av setjefisk av laks i Voss klekkeri, basert på tilbakeført genbankmateriale frå Eidfjord. Produksjonen i Genbanken har etterkvart vorte så stor at kapasiteten på klekkeriet vert godt utnytta.
Utfisking av oppdrettslaks Rømt oppdrettslaks har i mange år vore eit stort problem i Vosso. Frå 1993 har andelen oppdrettslaks utgjort 60-70 % av den årlege totalfangsten under stamfiske. Det er svært viktig å få redusert omfanget av oppdrettslaks i gytebestanden, og dei åra det ikkje har vore ordinært stamfiske har det difor vore gjennomført eit overvakingsfiske for å ta ut oppdrettslaks og registrera villaks i vassdraget.
Merking av settefisk Voss klekkeri har sidan 1994 merka settefisk av laks og sjøaure med feittfinneklipping. Smolten har i tillegg blitt snutemerka (coded wire tag). Dette arbeidet er eit viktig grunnlag for å evaluera utsetjingane på ein meir sikker måte. I 2001 til 2003 gav Fylkesmannen løyve til å sette ut einsomrig laks i Strandavassdraget, oppom lakseførande strekning. Fisken vart sett ut i Holbygda og Vossestrand grunneigarlag sine område. Resultat av elektrofiske-undersøkingane som er gjort på denne strekninga viser ei god overleving og tilvekst på lakseyngelen. Lakseyngel som er sett ut i Strandaelva er otolittmerka, men ikkje feittfinneklipt.
Ulike prosjekt og samarbeidspartar Arbeidet ved Voss klekkeri vert utført av to tilsette i heil stilling. I tillegg til desse to har Voss Jeger og Fiskarlag (VJF) eit klekkeriutval som deler på vakter i helger og ved høgtider.
Voss klekkeri har sett ut feittfinneklipt settefisk av laks ovanfor laksetrappa i Palmafossen. Det er ikkje kjent at det har vore fiska laks ovanfor trappa, men hausten 2002 gjennomførde Voss klekkeri elektrofiske på 5 plassar mellom Palmafossen og Skjervet i Raundalselva. Då vart det for fyrste gong funne naturleg rekrutterte lakseungar av fleire årsklassar ovanfor trappa i Palmafossen.
Voss klekkeri samarbeider med fleire forskings- og forvaltningsmiljø som arbeider med Vossolaksen og Vossavassdraget. Dei viktigaste er Direktoratet for naturforvaltning (DN), Norsk institutt for naturforskning (NINA), Norsk institutt for vannforskning (NIVA), Havforskningsinstituttet (HI), Universitetet i Bergen(UiB) og Miljøvernavdelinga hos fylkesmannen i Hordaland.
Av arbeidsoppgåver dei siste åra kan ein nemna at Voss klekkeri har ansvaret for innsamling av månadlege vassprøveseriar i Vossovassdraget, ei oppgåve dei har hatt sidan 1993. I samarbeid med NINA, NIVA og UiB har Voss klekkeri dei tre siste åra gjennomført testing av både anleggssmolt og villsmolt for å kartleggje smoltkvaliteten.
Saman med LFI deltek Voss klekkeri i overvåkingsarbeid i Vossovassdraget, som til dømes registrering av ungfisk. I samband med smoltproduksjonen dei siste åra, har HI vore samarbeidspartner i arbeidet med snutemerking av smolt. Laksesmolten vert sett ut i Vosso og Bolstadelva. Dei tre siste åra er i tillegg ein tredjedel av smoltproduksjonen blitt slept ut til havet. NINA har hatt ansvaret for dette.
Hausten 2002 starta HI eit forskingsprosjekt om konsekvensar av innblanding av oppdrettslaks i villaksbestander. I dette prosjektet har Voss klekkeri delteke med fangst og stryking av oppdrettslaks, og innlegging og røkting av rogn.
Våren 2003 hadde Voss klekkeri oppdraget med å samla inn villsmolt til eit telemetriforsøk i regi av HI og LFI.
|
|
|
| :: Aktuelt :: |
| Forskermøte Fleishers Hotell |
Er Lakselusa årsaken.... Les meir..
|
| Fiskereglar og Fisketider |
Fiskereglar, fisketider og fiskekortsal for anadromt fiske i Vossavassdraget Les meir..
|
|
|